NettKyrkja/Taler (lyd)/Det sanne vintreet - Gudsteneste for store og små - 5. søndag i påsketida - 07-05-2023

Det sanne vintreet - Gudsteneste for store og små - 5. søndag i påsketida - 07-05-2023

Lars Sigurd Tjelle

Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn. Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det. For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.

Joh 15,1-8

Powered by Cornerstone