NettKyrkja/Taler (lyd)/Preike - 10. sundag i treeiningstida - 06.08.2023

Preike - 10. sundag i treeiningstida - 06.08.2023

Lars Sigurd Tjelle

Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi. Han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då stod han opp, gjekk frå alt og følgde Jesus. Levi heldt eit stort gjestebod for han heime hos seg. Og ein heil flokk tollarar og andre var til bords saman med dei. Farisearane og dei skriftlærde blant dei murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?» Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»

Luk 5,27-32

Powered by Cornerstone