NettKyrkja/Taler (lyd)/Hausttakkefest og Misjonstivoli - 01.10.2023

Hausttakkefest og Misjonstivoli - 01.10.2023

Stein Ødegård

Ein i folkehopen sa til han: «Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!» Men Jesus svara: «Ven, kven har sett meg til å dømma eller skifta mellom dykk?» Så sa han til dei alle: «Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.»

Og han fortalde dei ei likning:
«Det var ein rik mann. Jorda hans hadde bore god grøde, og han tenkte med seg: ‘Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom til grøda mi. Jau, slik vil eg gjera: Eg vil riva ned uthusa mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt eg elles eig. Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande, nok for mange år. Unn deg ro, mi sjel, et, drikk og ver glad!’ Men Gud sa til han: ‘Uvituge menneske! I denne natt blir sjela di kravd tilbake. Kven skal då ha det du har samla?’

Slik går det med den som samlar skattar til seg sjølv og ikkje er rik i Gud.»

Luk. 12, 13-21

Powered by Cornerstone