Guds lov og vår lov - 11. søndag i treeiningstida - 04.08.2024
Evangelieteksten:
Ein gong Jesus gjekk langsmed kornåkrane på sabbaten, tok læresveinane hans til å riva av aks medan dei gjekk. Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei slikt som ingen har lov til på sabbaten?» Han svara: «Har de aldri lese kva David gjorde då han var i naud og både han og mennene hans svalt? Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta. Han gav òg til dei som var med han.» Og Jesus sa til dei: «Sabbaten vart til for mennesket og ikkje mennesket for sabbaten. Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.»
Markus 2,23–28