NettKyrkja/Taler (lyd)/Trufaste forvaltarar - 13. søndag i treeiningstida - 18.08.2024

Trufaste forvaltarar - 13. søndag i treeiningstida - 18.08.2024

Stein Ødegård

Då spurde Peter: «Herre, er det oss du siktar til med denne likninga, eller gjeld ho for alle?»

Herren svara:
«Kven er den trufaste og kloke hushaldaren som herren set over alle dei andre slavane for å gje dei mat i rette tid? Lukkeleg er denne slaven som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake! Sanneleg, eg seier dykk: Herren skal setja han over alt det han eig. Men set at slaven seier med seg: ‘Det tek nok endå ei stund før herren min kjem’, og han så tek til å slå slavegutane og slavejentene og eta og drikka til han blir full. Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit om, og hogga han ned og la han få dela lagnad med dei vantruande. Den slaven som veit kva herren hans vil, og likevel ikkje steller i stand eller gjer det herren vil, han skal få mange slag. Men den som ikkje veit det og gjer det som fortener slag, han skal sleppa med færre. Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir.

Lukas 12,41–48

Powered by Cornerstone