NettKyrkja/Taler (lyd)/Å følgja han som gjer meg sterk - 16. søndag i treeiningstida - 08.09.2024

Å følgja han som gjer meg sterk - 16. søndag i treeiningstida - 08.09.2024

Stein Ødegård

Preiketekst:
Til slutt, sysken: Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros, legg vinn på det! Det som de har lært, og det de har teke imot, det de har sett og det de har høyrt av meg, gjer alt dette – og fredens Gud skal vera med dykk.

Takk for gåva.
Det gleder meg storleg i Herren at dykkar omsorg for meg no skyt nye skot. De har nok hatt omtanke for meg før òg, men då hadde de ikkje høve til å gjera noko med det. Eg seier ikkje dette fordi eg leid naud, for eg har lært å klara meg med det eg har.
Eg veit kva det er å ha lite, eg veit kva det er å ha overflod.
I alt og i alle ting er eg innvigd, å vera mett og vera svolten, å ha overflod og ha for lite. Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.
Likevel gjorde det meg godt at de stod saman med meg då eg var i naud.

Filipparane 4, 8-14

Powered by Cornerstone