
Bibelkveldane 2024 - 1. «Det heilage landet» som ein del av Romarriket - 15.10.2024
Foredrag frå Bibelkveldane 2024 i Bryne kyrkje.
Jarle Stormark: «Det heilage landet» som ein del av Romarriket
Jarle Stormark gjev oss innblikk i korleis me kan forstå «Det heilage landet» som ein del av Romarriket. Her får me høyra om landskap som Judea, Galilea, Samaria, Dekapolislandet og Jordandalen.
Men kva var eigentleg forholdet mellom keisaren i Roma og dei lokale leiarane? Kven var Pontius Pilatus og kva rolle hadde han? Og kva posisjon hadde familien etter kong Herodes den store, som døydde kort tid etter Jesu fødsel?