NettKyrkja/Taler (lyd)/Ver ved godt mot! - Forfulgtes søndag - 10.11.2024

Ver ved godt mot! - Forfulgtes søndag - 10.11.2024

Stein Ødegård

Evangelietekst:

Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, medan han tok farvel med folket. Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet for å vera for seg sjølv og be.

Då det leid til kvelds, var han der åleine. Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bølgjene, for vinden bar imot. Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei gripne av redsle. «Det er eit gjenferd!» sa dei og var så redde at dei skreik. Men i det same tala [Jesus] til dei: «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!»

Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.» «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus. Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!» Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Du lite truande – kvifor tvila du?» Så steig dei opp i båten, og vinden stilna.  Men dei som var i båten, tilbad han og sa: «Du er sanneleg Guds Son!»

Matteus 14,22–34

Powered by Cornerstone