NettKyrkja/Taler (lyd)/Ærefrykt for jorda - Jordmesse - 17.11.2024

Ærefrykt for jorda - Jordmesse - 17.11.2024

Stein Ødegård

Preiketekst:

Då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i grendene og landsbyane her omkring og kjøpa seg noko å eta.» «De skal gje dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?» «Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.» 39 Då sa han at dei skulle la alle setja seg saman i matlag i det grøne graset. Og dei slo seg ned, rad på rad – somme på hundre og somme på femti. Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger. Det var fem tusen menn som hadde fått mat.

Markus 6, 35-44.

Powered by Cornerstone