NettKyrkja/Taler (lyd)/Saman med kvinner som viser veg - Preike på kveldsgudsteneste - Maria bodskapsdag - 23.03.2025

Saman med kvinner som viser veg - Preike på kveldsgudsteneste - Maria bodskapsdag - 23.03.2025

Stein Ødegård

Lesetekst 2:

Derifrå drog vi til Filippi, ein by som ligg i det første distriktet i Makedonia og er ein romersk koloni. Vi vart verande nokre dagar der i byen. På sabbatsdagen gjekk vi utanfor byporten, bort til ei elv der vi meinte det var ein bønestad. Og vi sette oss og tala til dei kvinnene som var komne saman. Der var det ei kvinne frå Tyatira som heitte Lydia og handla med purpurtøy. Ho var ei av dei som dyrka Gud. Ho høyrde på oss, og Herren opna hjartet hennar så ho tok til seg det Paulus sa. Då ho og huslyden hennar var døypte, bad ho oss til seg og sa: «Så sant de held meg for ei kvinne som trur på Herren, så kom heim til meg og bli der.» Og ho overtala oss til det.

Apostelgjerningane 16,12–15

 

Evangelietekst:

Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.»

Lukas 1,39–45

Powered by Cornerstone