
Nåden er nok! - Preike på 3. søndag i fastetida - 30.03.2025
Lesetekst 1:
Sakarja 3,1–5
Han viste meg øvstepresten Josva, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. Herren sa til Satan: « Herren refsar deg, Satan! Herren, som har valt ut Jerusalem, refsar deg! Sanneleg, denne mannen er ei vedskie raka ut or elden.» Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. Engelen tok til ords og sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort skulda di og kler deg i festklede.» Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Dei sette den reine turbanen på hovudet hans og tok på han kleda medan Herrens engel stod der.
Lesetekst 2:
2. Korintarbrev 12,7–10
Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kjøtet, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal bli hovmodig. Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.» Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg. Og difor er eg, for Kristi skuld, glad når eg er veik, når eg blir mishandla, når eg er i naud, i forfølging og i angst. For når eg er veik, då er eg sterk.
Evangelietekst:
Lukas 22,28–34
De er dei som har halde ut hos meg i prøvingane mine. Og no overlèt eg riket til dykk, slik som Far min har overlate det til meg: De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike og sitja på troner og dømma dei tolv Israel-stammane.
Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite. Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine!» «Herre», sa Peter, «med deg er eg klar til å gå både i fengsel og i død.» Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen skal ikkje gala i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.»