
Saman i 900 år - Preike av Biskop Anne Lise Ådnøy - 4. søndag i fastetida - 06.04.2025
Lesetekst 1
Hugs den lange vegen som Herren din Gud førte deg desse førti åra i ørkenen. Han ville audmjuka deg og prøva deg og sjå kva som budde i hjartet ditt, om du ville halda boda hans eller ikkje. Han audmjuka deg; han lét deg svelta og lét deg eta manna, ein mat som korkje du eller fedrane dine kjende til. Slik ville han visa deg at mennesket ikkje lever berre av brød; mennesket lever av kvart ord som kjem frå Herrens munn.
5. Mosebok 8,2–3
Lesetekst 2
Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp? Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet.
1. Korintar 10,16–17
Evangelietekst:
Då folket såg at korkje Jesus eller læresveinane hans var der, gjekk dei i båtane og fór over til Kapernaum og leita etter Jesus. Dei fann han der, på den sida av sjøen, og sa til han: «Rabbi, når kom du hit?» Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De leitar ikkje etter meg fordi de såg teikn, men fordi de åt av brøda og vart mette. Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Far, Gud sjølv, sett sitt segl.»
Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?» Jesus svara: «Dette er den gjerninga Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva vil du gjera? Fedrane våre åt manna i øydemarka, som det står skrive: Brød frå himmelen gav han dei å eta.» Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet.» Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta.
Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje.
Johannes 6,24–36