Glede og seier - Preike på Palmesøndag - 13.04.2025 - v/Ola Lierhagen
Lesetekst 1:
Bryt ut i jubel, dotter Sion!
Rop av glede, dotter Jerusalem!
Sjå, kongen din kjem til deg,
rettferdig og rik på siger,
fattig er han og rid på eit esel,
på ein eselfole.
Eg vil rydda ut vognene i Efraim
og hestane i Jerusalem,
stridsbogen skal brytast sund.
Han skal tala fred for folkeslaga,
hans velde skal nå frå hav til hav,
frå Storelva til endane av jorda.
Sakarja 9,9–10
Lesetekst 2:
Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!
Han var i Guds skapnad og såg det ikkje som eit rov å vera Gud lik,
men gav avkall på sitt eige, tok på seg slaveskapnad og vart menneske lik.
Då han stod fram som menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.
Difor har òg Gud opphøgd han til det høgste og gjeve han namnet over alle namn.
I Jesu namn skal difor kvart kne bøya seg, i himmelen, på jorda og under jorda,
og kvar tunge vedkjenna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære!
Filipparane 2,5–11
Evangelietekst:
Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde. Der heldt dei eit festmåltid for han. Marta var tenar, og Lasarus var ein av dei som låg til bords med han. Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen. Då sa Judas Iskariot, ein av læresveinane, han som sidan sveik Jesus: «Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?» Dette sa han ikkje fordi han hadde omsorg for dei fattige, men fordi han var ein tjuv. Det var han som hadde ansvaret for pengekassa, og han tok av det som vart lagt der. Men Jesus sa: «Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min. Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid.»
Den store mengda av jødar som var samla, fekk no vita at Jesus var i Betania. Og dei kom dit, ikkje berre for Jesu skuld, men òg for å sjå Lasarus, som han hadde vekt opp frå dei døde. Då la overprestane planar om å drepa Lasarus òg, for mange av jødane drog dit for hans skuld og kom til tru på Jesus.
Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa:
Hosianna!
Velsigna er han som kjem
i Herrens namn,
Israels konge!
Johannes 12,1–13
