NettKyrkja/Taler (lyd)/Saman ved meisteren sitt bord - Preike på Skjærtorsdag - 17.04.2025

Saman ved meisteren sitt bord - Preike på Skjærtorsdag - 17.04.2025

Roald Byberg

Lesetekst 1:

Eg elskar Herren,
for han høyrde mitt rop om nåde.

Han vende øyret til meg,
eg vil kalla på han alle mine dagar.

Dødens band snørte seg om meg,
redsler frå dødsriket nådde meg,
eg fann berre naud og sorg.

Då kalla eg på Herrens namn:
«Å, Herre, berg livet mitt!»

Herren er nådig og rettferdig,
vår Gud er mild.

Herren vaktar dei uvitande,
han kom meg til hjelp då eg var langt nede.

Kom til ro att, mi sjel,
Herren har svara deg!

Ja, du har fria mitt liv frå døden,
auget frå tårer og foten frå å snubla.

Eg skal ferdast for Herrens andlet
i landet til dei levande.

Eg trudde, også då eg sa:
«Eg er hardt plaga.»

Eg sa i min angst:
«Alle menneske lyg.»

Kva kan eg gje Herren att
for alt det gode han gjer mot meg?

Eg lyfter frelses beger
og kallar på Herrens namn.

Eg oppfyller mine lovnader til Herren
framfor heile hans folk.

Salmane 116,1–14

 

Lesetekst 2:

For eg har teke imot frå Herren det eg òg har overgjeve til dykk:

Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, takka, braut det og sa: «Dette er min kropp, som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!» Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod. Kvar gong de drikk av det, gjer det til minne om meg!» For kvar gong de et dette brødet og drikk av begeret, forkynner de Herrens død, heilt til han kjem.

1. Korintar 11,23–26

 

Evangelietekst:

Det var like før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Far sin. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.

Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt gjeve Judas, son til Simon Iskariot, den tanken i hjartet at han skulle svika han. Jesus visste at Far hadde gjeve alt i hans hender, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud. Då reiser han seg frå måltidet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg. Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene til læresveinane og tørka dei med handkledet som han har om livet. Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?» Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.» «Aldri i æva om du skal vaska føtene mine», seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ingen del i meg», svara Jesus. Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet òg!» Men Jesus seier til han: «Den som er bada, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.» For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: «De er ikkje alle reine.»

Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre. Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein slave er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han. No veit de dette. Og sæle er de så sant de gjer etter det.

Johannes 13,1–17

Powered by Cornerstone