NettKyrkja/Taler (lyd)/Han er oppstanden! - Preike på Påskedag - 20.04.2025

Han er oppstanden! - Preike på Påskedag - 20.04.2025

Stein Ødegård

Lesetekst 1:

Då song Moses og israelittane denne songen for Herren:
Eg vil syngja for Herren,
for han er høgt opphøgd;
hest og ryttar kasta han i havet.

Herren er mi kraft og min styrke,
han har vorte mi frelse.
Han er min Gud, han vil eg prisa,
min fars Gud, han vil eg opphøgja.

Herren er ein krigar,
Herren er hans namn.

2. Mosebok 15,1–3

 

Lesetekst 2:

For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, han som reiste Kristus opp frå dei døde. De var døde på grunn av misgjerningane og det uomskorne kjøtet dykkar. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus då han tilgav oss alle våre misgjerningar. Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen. Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Kolossarane 2,12–15

 

Evangelietekst:

Tidleg om morgonen første dagen i veka, medan det endå er mørkt, kjem Maria Magdalena til grava. Då får ho sjå at steinen er teken bort frå grava. Ho spring av stad og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og seier til dei: «Dei har teke Herren ut av grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.» Då tok Peter og den andre læresveinen ut og kom til grava. Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang fortare enn Peter og kom først til grava. Han bøygde seg inn og såg linkleda som låg der, men han gjekk ikkje inn i grava. Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg. Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen først fram til grava. Han såg og trudde. For endå hadde dei ikkje skjøna det skriftene seier, at han måtte stå opp frå dei døde. Så gjekk læresveinane heim.

Johannes 20,1–10

 

Powered by Cornerstone