NettKyrkja/Taler (lyd)/Konfirmasjonsgudsteneste - Preike på 2. søndag i påsketida - 27.04.2025

Konfirmasjonsgudsteneste - Preike på 2. søndag i påsketida - 27.04.2025

Stein Ødegård

Lesetekst 1:

I den første boka mi, gode Teofilos, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærte, frå han begynte og heilt til den dagen han vart teken opp til himmelen. Då hadde han ved Den heilage ande gjeve sine påbod til dei apostlane han hadde valt ut. Etter at han hadde lide døden, steig han levande fram for dei med mange klåre bevis på at han levde: I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som høyrer Guds rike til. Ein gong han åt saman med dei, gav han dei dette påbodet: «De skal ikkje dra bort frå Jerusalem, men venta på det som Far har lova, det som de har høyrt av meg. For Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den heilage ande om nokre få dagar.» Apostelgjerningane 1,1–5

Lesetekst 2:

Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! Han har fødd oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar. Denne arven er gøymd i himmelen for dykk, de som i Guds kraft blir haldne oppe ved tru så de når fram til frelsa. Ho ligg alt ferdig til å bli openberra i den siste tid.
1.Peter 1,3-5

Evangelietekst:

Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje saman med dei andre læresveinane då Jesus kom. «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»

Åtte dagar etter var læresveinane hans igjen samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus, sjølv om dørene var stengde. Han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk.» Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, sjå her er hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantru, men truande!» «Min Herre og min Gud!» sa Tomas. Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser, og endå trur.»

Jesus gjorde òg mange andre teikn for auga på læresveinane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka. Men desse er nedskrivne for at de skal tru at Jesus er Kristus, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.
Johannes 20,24–31

Powered by Cornerstone