
Ikkje ver eit 1-tal! - Preike på 3. søndag i påsketida - 04.05.2025
Lesetekst 1:
Ein salme av David.
Herren er min hyrding,
eg manglar ikkje noko.
Han lèt meg liggja i grøne enger,
han fører meg til vatn der eg finn kvile.
Han gjev meg nytt liv.
Han leier meg på rettferds stigar
for sitt namn skuld.
Om eg så går i dødsskuggens dal,
er eg ikkje redd for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
dei trøystar meg.
Du dukar bord for meg
framfor mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje.
Mitt beger renn over.
Berre godleik og miskunn
skal følgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
gjennom alle tider.
Salmane 23,1–6
Lesetekst 2:
Dei eldste mellom dykk legg eg dette på hjartet, eg som sjølv er ein eldste og eit vitne om Kristi lidingar og har del i den herlegdomen som skal openberrast: Ver hyrdingar for den Guds flokk som er hos dykk! Ha tilsyn med flokken, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men av hjartet. Gjer dykk ikkje til herrar over dei som Gud har gjeve dykk ansvar for, men ver eit føredøme for flokken. Og når den høgste hyrdingen openberrar seg, skal de få den uvisnelege sigerskransen.
1. Peter 5,1–4
Evangelietekst:
Apostlane samla seg atter hos Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort, og alt dei hadde lært folket. Då sa han til dei: «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» For det var så mange som kom og gjekk at dei fekk ikkje tid til å eta eingong.
Så drog dei ut med båten til ein aud stad for å vera for seg sjølve. Men mange såg at dei drog bort, og kjende dei att, og frå alle byane kom folk springande og nådde fram før dei. Då Jesus steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar. Og han gav seg til å undervisa dei om mange ting.
Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i grendene og landsbyane her omkring og kjøpa seg noko å eta.» «De skal gje dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?» «Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.» Då sa han at dei skulle la alle setja seg saman i matlag i det grøne graset. Og dei slo seg ned, rad på rad – somme på hundre og somme på femti. Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk. Og alle åt og vart mette. 43 Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger. 44 Det var fem tusen menn som hadde fått mat.
Markus 6,30–44