NettKyrkja/Taler (lyd)/Jesus bed for oss - Preike på 5. søndag i påsketida - 18.05.2025

Jesus bed for oss - Preike på 5. søndag i påsketida - 18.05.2025

Stein Ødegård

Lesetekst 1:
Då sa Salomo:

Herren har sagt
at han vil bu i ei mørk sky.

Men no har eg bygd deg ein staseleg bustad, ein stad der du kan bu i all tid.

Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd!  Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud! Høyr ropet frå tenaren din og den bøna han i dag bed for ditt andlet! Hald auga dine opne over dette huset natt og dag. Vak over den staden der du har lova at namnet ditt skal bu. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden!  Ja, høyr den bøna om nåde som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Høyr dei i himmelen der du bur, høyr og tilgjev!

1. Kongebok 8,12–13, 27–30

 

Lesetekst 2:
Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. Ved han har både de og vi tilgang til Far i éin Ande. Så er de ikkje lenger framande og utlendingar. Nei, de er medborgarar saman med dei heilage og høyrer Guds familie til. De er oppbygde på grunnvollen til apostlane og profetane, og hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. I han blir heile bygningen halden saman, så han veks til eit heilagt tempel i Herren, og i han blir de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

Efesarane 2,17–22

 

Evangelietekst:
Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg frå verda. Dei var dine, og du gav dei til meg, og dei har halde fast på ordet ditt. No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg. For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot og verkeleg forstått at eg har gått ut frå deg, og dei har kome til tru på at du har sendt meg.

Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg, for dei er dine. Alt mitt er ditt, og det som er ditt, er mitt, og eg har vorte herleggjord gjennom dei. Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt.

Johannes 17,6–11

Powered by Cornerstone