NettKyrkja/Taler (lyd)/Det er nå det skjer! - Preike på Kristi himmelfartsdag - 29.05.2025

Det er nå det skjer! - Preike på Kristi himmelfartsdag - 29.05.2025

Stein Ødegård

Lesetekst 1:
I den første boka mi, gode Teofilos, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærte, frå han begynte og heilt til den dagen han vart teken opp til himmelen. Då hadde han ved Den heilage ande gjeve sine påbod til dei apostlane han hadde valt ut. Etter at han hadde lide døden, steig han levande fram for dei med mange klåre bevis på at han levde: I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som høyrer Guds rike til. Ein gong han åt saman med dei, gav han dei dette påbodet: «De skal ikkje dra bort frå Jerusalem, men venta på det som Far har lova, det som de har høyrt av meg. For Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den heilage ande om nokre få dagar.»

Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?» Han svara: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt. Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda.»

Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira. Som dei stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei og sa: «Galilearar, kvifor står de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus, som vart teken bort frå dykk opp til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»

Apostelgjerningane 1,1–11

 

Lesetekst 2:
Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna. Må han lysa opp auga til [dykkar] hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig. Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen, over alle makter og herredøme, over alt velde og alle som styrer, og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne tidsalderen, men òg i den komande. Alt la han under hans føter, og han som er hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, som er Kristi kropp, fylt av han som fyller alt i alle.

Efesarane 1,17–23

 

Evangelietekst:
Då Jesus hadde sagt dette, lyfte han auga mot himmelen og sa:
«Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa om deg. For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. Eg lét herlegdom lysa om deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. Så lat no herlegdom lysa om meg, Far, den herlegdom eg hadde hos deg før verda vart til.

Johannes 17,1–5

Powered by Cornerstone