
Preike på Pinsedag - 08.06.2025
Lesetekst 1:
Heile verda hadde same språk og same ord. Då dei braut opp frå aust, fann dei ein brei dal i landet Sinear og slo seg ned der. Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei harde!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til å fuga med. «Kom», sa dei, «lat oss byggja ein by og eit tårn som når opp til himmelen, og skaffa oss eit namn så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!»
Då steig Herren ned for å sjå på byen og tårnet som menneska bygde. Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og eitt språk har dei alle. Og dette er det første dei gjer! No vil ingen ting vera umogleg for dei, same kva dei set seg føre. Kom, lat oss stiga ned og forvirra språket deira så den eine ikkje skjønar den andre!» Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen. Difor kalla dei han Babel, for der forvirra Herren språket for heile jorda. Og derifrå spreidde Herren dei ut over heile jorda.
1. Mosebok 11,1–9
Lesetekst 2:
Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad. Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei. Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.
I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen. Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige morsmål. Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar? Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål? Vi er partarar og medarar og elamittar, folk som bur i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, i Pontos og Asia, Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma, jødar og proselyttar, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»
Apostelgjerningane 2,1–11
Evangelietekst:
Jesus svara: «Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og den som elskar meg, skal Far min elska, og vi skal koma og ta bustad hos han. Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og ordet de høyrer, er ikkje frå meg, men frå Far, han som har sendt meg. Dette har eg sagt dykk medan eg enno er hos dykk. Men Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk.
Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause! De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Far, for Far er større enn eg. No har eg sagt dykk dette før det hender, så de skal tru når det hender.
Johannes 14,23–29