
Dåp - Preike på 2. søndag i treeiningstida - 22.06.2025
Lesetekst 1:
Eg stenkar reint vatn på dykk, så de blir reine. Eg vil reinsa dykk for all ureinskapen og for alle avgudane. Eg gjev dykk eit nytt hjarte, og ei ny ånd gjev eg inni dykk. Eg tek steinhjartet ut or kroppen på dykk og gjev dykk eit kjøthjarte i staden. Og min Ande gjev eg inni dykk og gjer at de følgjer forskriftene mine, held lovene mine og lever etter dei.
Då skal de få bu i det landet eg gav fedrane dykkar. De skal vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud. Eg friar dykk ut frå all ureinskap. Så kallar eg fram kornet og gjer grøda stor; eg gjev dykk ikkje svolt.
Esekiel 36,25–29
Lesetekst 2:
Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans? Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv. Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans. Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den kroppen som er underlagd synda, skulle gjerast til inkjes og vi ikkje lenger skulle vera slavar under synda. For synda har ikkje lenger nokon rett over den som er død. 8 Men er vi døde med Kristus, trur vi at vi òg skal leva med han.
Romarane 6,3–8
Evangelietekst:
Det var ein mann som heitte Nikodemus. Han var farisear og sat i Rådet til jødane. Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer, utan at Gud er med han.» Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.» Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gammal, bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?» Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd. Undra deg ikkje over at eg sa til deg: ‘De må fødast på nytt.’ Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem frå, eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden.» «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. Jesus svara: «Du er ein lærar for Israel og veit ikkje det? Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Vi talar om det vi veit og vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitneutsegna vår. Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om dei jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen.
Johannes 3,1–13