
Verb takk! - Preike på 4. søndag i treeiningstida - 06.07.2025
Lesetekst 1:
Alle som ser meg, håner meg,
vrengjer leppene og rister på hovudet:
«Han har gjeve seg over til Herren,
lat han fria han ut og berga han,
han har då glede i han!»
Du drog meg fram frå mors liv,
du gjorde meg trygg ved hennar bryst.
Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg,
frå mors liv er du min Gud.
Ver ikkje langt borte frå meg,
for trengsla er nær,
og det finst ingen som hjelper.
Salmane 22,8–12
Lesetekst 2:
For vi kom ikkje med smigrande ord, som de veit, og heller ikkje med baktankar om eiga vinning. Gud er vårt vitne. Vi søkte ikkje ære hos menneske, verken hos dykk eller andre, endå vi som Kristi apostlar kunne ha vore myndige. I staden var vi som spedborn mellom dykk, som når ei amme steller med sine eigne born, slik hadde vi vorte inderleg glade i dykk og ville gjerne gje dykk ikkje berre Guds evangelium, men òg vårt eige liv. Så kjære var de for oss. For de hugsar, sysken, kva slit og strev vi hadde. Vi forkynte Guds evangelium for dykk, og samtidig arbeidde vi natt og dag så vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk. De kan vitna, og Gud like eins, at vi har ferdast mellom dykk truande på heilagt, ærleg og ulasteleg vis. De veit òg at vi var som ein far mot borna sine mot kvar og ein av dykk: Vi formana, oppmoda og bad dykk inderleg at de skulle ferdast slik det er verdig for Gud, han som kallar dykk til sitt rike og sin herlegdom.
Difor takkar vi stadig Gud, for då de fekk overlevert det Guds ord som vi forkynte for dykk, tok de imot det – ikkje som menneskeord, men som det Guds ord det i sanning er. Dette ordet verkar med kraft i dykk som trur.
1. Tessalonikar 2,5–13
Evangelietekst:
Jesus gjekk no omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage. Og då han såg alt folket, fekk han inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar. Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»
Matteus 9,35–38