Sendt til og sendt saman med - Preike på Aposteldagen/6. søndag i treeiningstida - 20.07.2025
Lesetekst 1
Eg veit kva dei gjer og kva dei tenkjer, eg kjem for å samla alle folkeslag og tungemål. Dei skal koma og sjå min herlegdom. Eg set eit teikn mellom dei og sender nokre av dei som er berga, ut til folkeslaga i Tarsis, Put, Lud, Mesjek med bogen, Tubal og Javan, til dei fjerne kystane som ikkje har høyrt rykte om meg og ikkje har sett min herlegdom. Dei skal fortelja om min herlegdom mellom folkeslaga.
Jesaja 66,18–19
Lesetekst 2
Saulus rasa endå mot Herrens læresveinar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten og bad om brev til synagogane i Damaskus, så han kunne finna dei som høyrde Vegen til, både menn og kvinner, og føra dei i lenkjer til Jerusalem. Men då han var på veg og nærma seg Damaskus, stråla det brått eit lys frå himmelen omkring han. Han stupte til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?». «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfølgjer. Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.» Mennene som følgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon. Saulus reiste seg opp, men då han opna auga, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus. I tre dagar sat han der utan å sjå noko, og han verken åt eller drakk.
I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. I eit syn sa Herren til han: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre.» Og Herren sa: «Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset til Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsos. For sjå, han bed. Og han har hatt eit syn og sett ein mann som heiter Ananias koma og leggja hendene på han, så han kan få att synet.» Men Ananias svara: «Herre, eg har høyrt mange fortelja om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem. Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å leggja i lenkjer alle som kallar på ditt namn.» Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for folkeslag og kongar og for Israels stammar. Eg skal visa han kor mykje han må lida for mitt namn skuld.» Så gjekk Ananias. Då han kom inn i huset, la han hendene på Saulus og sa: «Saul, bror! Herren sjølv, Jesus som synte seg for deg på vegen, har sendt meg for at du skal få att synet og bli fylt av Den heilage ande.» Og straks fall det liksom skjel frå auga hans, og han fekk att synet. Han stod opp og vart døypt. 1 Så fekk han mat og kom til krefter.
Han vart verande nokre dagar saman med læresveinane i Damaskus,
Apostelgjerningane 9,1–19
Evangelietekst
Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han. Han peika ut tolv, [som han òg kalla apostlar,] for at dei skulle vera med han, og for at han kunne senda dei ut for å forkynna og ha makt til å driva ut vonde ånder. [Han peika ut dei tolv:] Det var Simon, som han kalla Peter, Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans – desse to kalla han Boanerges, det tyder toresøner – og Andreas, Filip og Bartolomeus, Matteus, Tomas og Jakob, son til Alfeus, Taddeus, Simon Kananeos og Judas Iskariot, han som sveik han.
Markus 3,13–19
