NettKyrkja/Taler (lyd)/Det store doble kjærleiksbodet - Preike på 8. søndag i treeiningstida - 03.08.2025

Det store doble kjærleiksbodet - Preike på 8. søndag i treeiningstida - 03.08.2025

Yngvar Nilsen

Lesetekst 1

Då kalla Josva til seg rubenittane, gadittane og halvparten av stammen til Manasse og sa til dei: «De har gjort alt det som Moses, Herrens tenar, baud dykk, og de har lydd meg i eitt og alt. Gjennom heile denne lange tida har de ikkje svikta brørne dykkar, men har til denne dag halde dykk til dei boda som Herren dykkar Gud gav dykk. No har Herren dykkar Gud late brørne dykkar få kvile, slik han lova dei. Dra difor heim til landet de eig, som Moses, Herrens tenar, gav dykk på den andre sida av Jordan. Men følg nøye og trufast bodet og lova som Moses, Herrens tenar, baud dykk: at de skal elska Herren dykkar Gud og alltid gå på hans vegar, så de held boda hans, held dykk til han og tener han av heile dykkar hjarte og heile dykkar sjel.» Så velsigna Josva dei og sende dei av garde, og dei drog heim til telta sine.

Josva 22,1–6

 

Lesetekst 2

Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastelege på Kristi dag, fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud.

Filipparane 1,9–11

 

Evangelietekst

Ein av dei skriftlærde som hadde høyrt på dette ordskiftet, skjøna at Jesus hadde svara dei godt. No kom han bort til han og spurde: «Kva for eit bod er det første av alle?» Jesus svara: «Dette er det første bodet: ‘Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin. Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt.’ Det andre er dette: ‘Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ Noko større bod enn desse finst ikkje.» Den skriftlærde sa til han: «Du svarar godt, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han. Å elska han av heile sitt hjarte og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og slaktoffer.» Då Jesus høyrde kor klokt han svara, sa han til den skriftlærde: «Du er ikkje langt borte frå Guds rike.» Og ingen våga å spørja han meir.

Markus 12,28–34

Powered by Cornerstone