NettKyrkja/Taler (lyd)/Forvandlane møte med Jesus - Preike på 12. søndag i treeiningstida - 31.08.2025

Forvandlane møte med Jesus - Preike på 12. søndag i treeiningstida - 31.08.2025

Stein Ødegård

Lesetekst 1

Då Moses sende dei av stad for å utforska Kanaan-landet, sa han til dei: «Dra opp til Negev og vidare opp i fjellet! Sjå korleis landet er, og om folket som bur der, er sterkt eller veikt, lite eller stort. Korleis er landet dei bur i, er det godt eller dårleg? Kva slag byar held dei til i, er det teltleirar eller festningsbyar? Og korleis er jorda, grøderik eller mager? Veks det tre der eller ikkje? Ver modige og ta med noko av førstegrøda i landet!» Det var tida for dei første druene.

Så tok dei av stad og utforska landet frå Sin-ørkenen til Rehob ved Lebo-Hamat. Dei drog opp gjennom Negev og kom til Hebron. Der budde anakittane Ahiman, Sjesjai og Talmai. – Hebron var bygd sju år før Soan i Egypt. Då dei kom til Esjkol-dalen, skar dei av ei vinranke med ein drueklase. To mann bar han på ei stong. Dei tok òg granateple og fikenar. Den staden vart kalla Esjkol-dalen, etter den drueklasen som israelittane skar av der.

Då det var gått førti dagar, vende dei attende etter å ha utforska landet. Dei kom til Moses og Aron og heile Israels forsamling i Kadesj i Paran-ørkenen. Dei gav rapport til dei og til heile forsamlinga og viste dei frukta dei hadde med frå landet. Til Moses fortalde dei: «Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer verkeleg med mjølk og honning, og dette er frukta som veks der.

4. Mosebok 13,17–27

 

Lesetekst 2

For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar. For i det blir Guds rettferd openberra, av tru til tru, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.

Romarane 1,16–17

 

Evangelietekst

I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg over at han snakka med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville eller kvifor han snakka med henne. Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket: «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Kristus?» Då gjekk dei ut av byen og kom til han.

Mange av samaritanane frå den byen tok til å tru på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna: «Han har sagt meg alt det eg har gjort.» Og då samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hos seg, og han vart verande der to dagar. Og mange fleire tok til å tru fordi dei fekk høyra hans eige ord, og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa, for vi har høyrt han sjølve. Og vi veit at han verkeleg er den som skal frelsa verda.»
Då dei to dagane var gått, drog Jesus ut derifrå og fór til Galilea.

Johannes 4,27–30

Powered by Cornerstone