Din veg til oss - Preike på 17. søndag i treeiningstida - 05.10.2025
Lesetekst 1.
Herrens hand kom over meg. Ved Herrens ande førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av knoklar. Han førte meg omkring mellom dei. Sjå, det låg ei stor mengd med knoklar utover dalen, og dei var heilt tørre. Då sa han til meg: «Menneske, kan desse knoklane bli levande att?» Eg svara: «Min Herre og Gud, det veit berre du.» Han sa: «Tal profetord over desse knoklane og sei til dei: Tørre knoklar, høyr Herrens ord! Så seier Herren Gud til desse knoklane: Sjå! Eg lèt det koma ånd i dykk, så de blir levande.
Eg tala profetord, som han hadde bode meg. Då kom det ånd i dei, så dei vart levande. Dei reiste seg opp og stod på føtene. Det var ein umåteleg stor hær.
Så sa han til meg: Menneske, desse knoklane er heile Israelsfolket. Høyr kva dei seier: «Våre knoklar har tørka inn, vår von er knust. Det er ute med oss!» Tal difor profetord og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav. Så fører eg dykk til Israels-landet. Mitt folk, de skal kjenna at eg er Herren når eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav! Eg gjev dykk mi ånd, så de blir levande, og lèt dykk finna kvile i dykkar eige land. Då skal de kjenna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, seier Herren.
Esekiel 37,1–5 & 10-14
Lesetekst 2.
Min lengt og mitt håp er at eg ikkje skal bli til skamme på noko vis, men at Kristus, no som alltid, skal opphøgjast for auga på alle ved min kropp, anten det blir liv eller død.
Å leva er for meg Kristus, og å døy er ei vinning. Men om eg får vera i live, kan eg gjera eit arbeid som ber frukt, og då veit eg ikkje kva eg skal velja. Eg er dregen til begge sider: Eg har denne lengten etter å bryta opp og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre. Men for dykkar skuld er det naudsynt at eg får leva vidare, og fordi eg er viss på dette, veit eg at eg skal få leva, ja, bli verande hos dykk alle og hjelpa dykk til framgang og glede i trua. Då skal de få rikeleg grunn til å vera glade og stolte i Kristus Jesus for mi skuld, når eg på nytt kjem til dykk.
Filipparane 1,20–26
Evangelietekst.
Før han hadde tala ut, kom det folk frå huset til synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er død. Kvifor bryr du meisteren lenger?» Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!» Han lét ingen andre følgja med seg enn Peter, Jakob og Johannes, bror til Jakob. Då dei kom heim til synagogeforstandaren og han såg alt oppstyret og folket som gret og bar seg, gjekk han inn og sa til dei: «Kva er det de ståkar og græt for? Barnet er ikkje dødt; ho søv.» Dei berre lo av han. Men han dreiv dei ut, alle saman, og tok med seg far og mor til barnet og dei som var med han, og gjekk inn der barnet låg. Så tok han henne i handa og sa: «Talita kumi!» Det tyder: «Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!» Og straks stod jenta opp og gjekk omkring; ho var tolv år. Då vart dei reint ifrå seg av undring. Men Jesus forbaud dei strengt å la nokon få vita det, og sa at dei skulle gje henne noko å eta.
Markus 5,35–43
