Fedrehistoria - 1. Mosebok kap. 12-50 - Foredrag frå Bibelkveld i Bryne kyrkje 28.10.2025 v/ Eva Vassbø
Foredrag frå Bibelkveldane 2025 i Bryne Kyrkje.
Eva Vassbø: Fedrehistoria. 1. Mosebok Kapittel 12 - 50. Del 2 av foredraget. (Lydfila av Del 1 vart øydelagt pga. ein teknisk feil.)
«Du skal bli til velsigning.» Dette fekk Abraham høyra, og det endra livet hans totalt. Den andre hovuddelen av Første Mosebok, kapittel 12-50, handlar om patriarkane Abraham, Isak og Jakob, - og om familiane deira. Og vidare den viktige historia om Josef som blei seld til Egypt. Her blir alle sider ved menneskelivet bretta ut. Kjærleik og samliv, svik og sjalusi, løfte og håp, liv og død. Kva kan forteljinga seia oss i vår tid? Har den nokon samanheng med Det nye testamentet?
Her kan du laste ned pdf versjon av foredraget: Fedrehistoria
