Blikket langt fram og heilt nært - Preike på Helgemessesøndag - 2.11.2025
Lesetekst 1
Ingen skal høyra meir om vald i ditt land,
om herjing og øydelegging
innanfor dine grenser.
Du skal kalla murane dine Frelse
og portane dine Lovsong.
Sola skal ikkje meir vera ditt lys om dagen,
måneskinet skal ikkje lysa for deg,
men Herren skal vera ditt lys for evig,
din Gud skal vera din herlegdom.
Sola di skal ikkje meir gå ned,
månen din skal aldri minka.
For Herren skal vera ditt lys for evig.
Sørgjedagane dine er til ende.
I ditt folk skal alle vera rettferdige,
dei skal eiga landet til evig tid.
Dei er eit skot i min hage,
som hendene mine har laga til mi ære.
Den minste skal bli til tusen,
den ringaste til eit mektig folkeslag.
Eg er Herren,
når tida er inne,
lèt eg det skje i hast.
Jesaja 60,18–22
Lesetekst 2
I tru fekk òg Sara kraft til å grunnleggja ei ætt, endå ho var ufruktbar og for gammal til å få barn. For ho stola på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast. Frå éin mann, som var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand.
I denne trua døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei vedkjende seg at dei var framande og heimlause på jorda. Dei som talar slik, viser at dei lengtar etter eit fedreland. Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å venda attende. Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud av dei, men vil kallast deira Gud, for han har gjort i stand ein by til dei.
Hebrearane 11,11–16
Alle desse fekk godt vitnemål for si tru, men dei opplevde ikkje å få det som var lova. Gud såg føre seg noko som er betre for oss: at dei ikkje skulle nå fram til fullendinga utan oss.
Hebrearane 11,39–40
Evangelietekst.
Då såg han opp, feste auga på læresveinane sine og sa:
«Sæle de fattige!
Guds rike er dykkar.
Sæle de som no svelt!
De skal mettast.
Sæle de som no græt!
De skal le.
Sæle er de når folk
for Menneskesonen skuld hatar dykk,
støyter dykk ut og spottar dykk
og kastar namnet dykkar frå seg som noko vondt!
Gled dykk på den dagen og hoppa av fryd,
stor er løna dykkar i himmelen.
Det same gjorde fedrane deira med profetane.
Lukas 6,20–23
