Den miskunnsame samaritanen - 22. søndag i Treeiningstida - 9.11.2025
Lesetekst 1
Herren sa til Moses: Tal til heile Israels forsamling og sei til dei: De skal vera heilage, for eg, Herren dykkar Gud, er heilag.
Du skal ikkje gå omkring og baktala ditt eige folk. Du skal ikkje stå nesten din etter livet. Eg er Herren. Du skal ikkje bera hat til bror din i hjartet, men du skal tala landsmannen din til rette, så du ikkje fører synd over deg for hans skuld. Du skal ikkje ta hemn og ikkje bera agg til landsmennene dine, men du skal elska nesten din som deg sjølv. Eg er Herren.
Når ein innflyttar bur i landet hos dykk, skal de ikkje gjera urett mot han. Innflyttaren som bur hos dykk, skal vera som ein av dykkar eigne landsmenn. Du skal elska han som deg sjølv. For de har sjølve vore innflyttarar i Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.
3. Mosebok 19,1–2, 16-18, 33-34
Lesetekst 2
Mine sysken, de kan ikkje tru på vår Herre Jesus Kristus, herlegdomens Herre, og samtidig gjera forskjell på folk. Set at det kjem to menn inn i forsamlinga dykkar – den eine i staselege klede og med gullring på fingeren, den andre fattig og i skitne klede. Då legg de merke til han i dei staselege kleda og seier: «Kom hit og finn deg ein god plass!» Men til den fattige seier de: «Du kan stå!» eller: «Set deg der ved føtene mine!» Og har de ikkje då skapt eit skilje mellom dykk? Har de ikkje vorte dommarar med vonde tankar? Høyr no, mine kjære sysken: Har ikkje Gud valt ut dei fattige i verda til å vera rike i trua og til å arva det riket han har lova dei som elskar han? Men de har forakta den fattige! Er det ikkje dei rike som undertrykkjer dykk og dreg dykk fram for domstolen? Er det ikkje dei som spottar det gode namnet som er nemnt over dykk?
Dersom de oppfyller den kongelege lova etter skriftordet: Du skal elska nesten din som deg sjølv, då gjer de rett. Men gjer de forskjell på folk, då syndar de, og lova klagar dykk som lovbrytarar.
Jakob 2,1–9
Evangelietekst
Då steig det fram ein lovkunnig. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» «Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Korleis les du?» Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.» Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.» Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?» Jesus tok dette opp og sa:
«Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi. Det same gjorde ein levitt; han [kom] dit, såg mannen og gjekk rett forbi. Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han. Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: ‘Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’
Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?» «Den som viste miskunn mot han», svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.»
Lukas 10,25–37
