Preike på 2. søndag i adventstida - 7.12.2025
Lesetekst 1
Men Herrens auge kviler på dei
som fryktar han og ventar på hans miskunn,
så han kan fria dei frå døden
og halda dei i live gjennom hungersnaud.
Vår sjel ventar på Herren;
han er vår hjelp og vårt skjold.
Vårt hjarte gleder seg i han,
vi set vår lit til hans heilage namn.
Lat di miskunn vera over oss, Herre!
Det er deg vi ventar på.
Salmane 33,18–22
Lesetekst 2
Då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv, for han hadde ingen større å sverja ved. Han sa: «Sanneleg, eg vil velsigna deg rikt og gjera ætta di talrik utan ende.» Og Abraham venta med tolmod og fekk det Gud hadde lova han. Menneske sver ved ein som er større, og eiden er ei stadfesting som gjer ende på alle innvendingar. Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urokkeleg hans avgjerd var; difor gjekk han god for det med eid. Med lovnad og eid, to ting som ikkje kan endrast – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt redning. Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innanfor forhenget,
Hebrearane 6,13–19
Evangelietekst
Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. Og dit eg går, veit de vegen.»
Johannes 14,1–4
