Gleda over håpsbarnet - Preike på 4. søndag i adventstida - 21.12.2025
Lesetekst 1
Boas tok Rut heim til seg, og ho vart kona hans. Då han kom saman med henne, lét Herren henne bli med barn, og ho fødde ein son. Då sa kvinnene til Noomi:
«Velsigna er Herren
som lét deg få ein løysingsmann i dag!
Namnet hans skal bli stort i Israel.
Han skal gje deg nytt livsmot
og sørgja for deg i alderdomen din.
For svigerdotter di, som held slik av deg, har fødd denne sonen.
Ho er meir for deg enn sju søner.»
Så tok Noomi guten og la han på fanget sitt. Ho vart fostermor hans. Nabokonene gav han namn og sa: «Noomi har fått ein son!» Dei kalla han Obed. Han fekk sonen Isai, som vart far til David.
Rut 4,13–17
Lesetekst 2
For det seier eg dykk: Kristus vart ein tenar for dei omskorne for å visa at Gud talar sant, og for å stadfesta dei lovnader som fedrane fekk, men òg for at folkeslaga skal prisa Gud for hans miskunn, som det står skrive:
Difor vil eg prisa deg mellom folka
og lovsyngja ditt namn.
Og ein annan stad heiter det:
Gled dykk, de folkeslag, saman med hans folk!
Og endå ein annan stad:
Lovsyng Herren, alle folk,
pris han, alle folkeslag!
Og Jesaja seier:
Isais rotskot skal koma,
han som reiser seg og rår over folka,
til han skal folkeslaga setja si von.
Må Gud, som gjev von, fylla dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den heilage andens kraft.
Romarane 15,8–13
Evangelietekst
Då sa Maria:
«Mi sjel høglovar Herren,
og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.
Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,
for store ting har han gjort mot meg,
han, den mektige; heilagt er hans namn.
Frå slekt til slekt varer hans miskunn
over dei som ottast han.
Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.
Han støytte stormenn ned frå trona
og lyfte opp dei låge.
Han metta dei svoltne med gode gåver,
men sende dei rike tomhendte frå seg.
Han tok seg av Israel, sin tenar,
og kom i hug si miskunn
slik han lova våre fedrar,
Abraham og hans ætt, til evig tid.»
Lukas 1,46–55
