NettKyrkja/Taler (lyd)/Preike på Kristi openberringsdag - 04.01.2026

Preike på Kristi openberringsdag - 04.01.2026

Stein Ødegård

Lesetekst 1

Reis deg, bli lys!
For lyset ditt kjem,
Herrens herlegdom går opp over deg.

Sjå, mørker dekkjer jorda,
skodde dekkjer folka.
Men over deg går Herren opp,
hans herlegdom viser seg over deg.

Folkeslag skal gå mot ditt lys,
kongar gå mot din soloppgang.

Lyft auga, sjå deg ikring!
Alle samlar seg og kjem til deg.
Sønene dine kjem frå det fjerne,
døtrene dine blir borne på armen.

Då skal du sjå det og stråla,
hjartet skal skjelva og svulma.
For havsens skattar blir dine,
rikdomen til folkeslaga kjem til deg.

Kamelar i mengd dekkjer deg,
kamelfolar frå Midjan og Efa.
Alle frå Saba kjem,
gull og røykjelse har dei med seg,
dei forkynner Herrens pris.

Jesaja 60,1–6

 

Lesetekst 2

Difor bøyer eg mine kne – eg, Paulus, Kristi [Jesu] fange for dykkar skuld, de som er frå andre folkeslag. De har høyrt om den forvaltaroppgåva Gud i sin nåde har gjeve meg hos dykk. I ei openberring vart mysteriet gjort kjent for meg, slik eg kort har skrive om her. Og når de les det opp, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi mysterium, det som menneska i tidlegare slektsledd ikkje fekk vita om, men som no ved Anden har vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar: at folkeslaga har del i den same arven, den same kroppen og den same lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet. Eg vart ein tenar for dette evangeliet då Gud med si veldige kraft gav meg si nådegåve.

Efesarane 3,1–7

 

Evangelietekst

Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.» Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Den salva skulle bli fødd. «I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:

Du Betlehem i Juda land,
blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste.
For frå deg skal det koma ein fyrste,
ein hyrding for mitt folk Israel.»

Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg. Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.» Då dei hadde høyrt kva kongen hadde å seia, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. Då dei såg stjerna, vart dei umåteleg glade. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.

Matteus 2,1–12

Powered by Cornerstone