NettKyrkja/Taler (lyd)/Ein dåp til død og liv - Preike på 2. søndag i openberringstida - 11.01.2026

Ein dåp til død og liv - Preike på 2. søndag i openberringstida - 11.01.2026

Yngvar Nilsen

Lesetekst 1
Sjå, min tenar, som eg støttar,
min utvalde, i han har eg mi glede!
Eg har lagt min Ande på han,
han skal føra retten ut til folkeslaga.

Han skrik ikkje og ropar ikkje,
røysta hans høyrest ikkje i gatene.

Han bryt ikkje eit knekt siv
og sløkkjer ikkje ein rykande veike.
Med truskap skal han føra retten ut.

Han skal ikkje slokna og ikkje bli knekt
før han har sett retten igjennom på jorda.
Fjerne kystar ventar på hans lov.

Så seier Gud Herren,
som skapte himmelen og spente han ut,
som breidde ut jorda og alt som spirer der,
som gjev pust til folket på jorda
og ånd til dei som ferdast der:

Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og gripe handa di.
Eg har forma deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit lys for folkeslaga,

Jesaja 42,1–6

 

Lesetekst 2
Ein jøde som heitte Apollos, og som ætta frå Aleksandria, kom no til Efesos. Han hadde ordet i si makt og var vel kjend i skriftene. Apollos hadde fått opplæring om Herrens veg. Han forkynte med stor glød og underviste nøye om Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen. Han tok til å tala med frimod i synagogen. Der fekk Priskilla og Akvilas høyra han. Dei tok seg av han og gav han grundigare kjennskap til [Guds] veg. Sidan ønskte han å fara over til Akaia, og brørne oppmuntra han til det. Dei skreiv til læresveinane der at dei måtte ta vel imot han. Då han kom dit, vart han ved Guds nåde til stor hjelp for dei som hadde kome til tru. For med stor kraft sette han jødane på plass når han i ope ordskifte viste ut frå skriftene at Jesus var Den salva.

Medan Apollos var i Korint, drog Paulus gjennom innlandet og kom til Efesos. Der møtte han nokre læresveinar og spurde dei: «Fekk de Den heilage ande då de kom til tru?» Dei svara: «Vi har ikkje eingong høyrt at det er nokon Heilag Ande.» «Kva dåp vart de då døypte med?» spurde han. «Med Johannes-dåpen», svara dei. Då sa Paulus: «Johannes døypte med ein dåp til omvending. Han sa til folket at dei skulle tru på den som kom etter han, det er Jesus.» Då dei høyrde det, lét dei seg døypa til Herren Jesu namn. Og då Paulus la hendene på dei, kom Den heilage ande over dei. Dei tala i tunger, og dei tala profetisk. Det var om lag tolv menn i alt.

Apostelgjerningane 18,24–19,7

 

Evangelietekst
Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»

Matteus 3,13–17

Powered by Cornerstone