Preike på 3. søndag i openberringstida - 18.01.2026
Lesetekst 1
Gud sa: «Lat oss laga menneske i vårt bilete, så dei liknar oss! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt kryp som det kryr av på jorda.» Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, som mann og kvinne skapte han dei. Gud velsigna dei og sa til dei: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! De skal råda over fiskane i havet og over fuglane under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorda.» Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på heile jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Det skal de ha å eta. Og til alle dyr på jorda og til alle fuglar under himmelen og til alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle grøne planter å eta.» Og slik vart det. Gud såg på alt det han hadde gjort, og sjå, det var svært godt! Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.
1. Mosebok 1,26–31
Lesetekst 2
Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir. Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom. Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa:
«Sjå, Guds bustad er hos menneska.
Han skal bu hos dei
og dei skal vera hans folk,
og Gud sjølv skal vera hos dei.
Han skal vera deira Gud.
Han skal tørka kvar tåre frå auga deira,
og døden skal ikkje vera meir,
og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine.
For det som ein gong var, er borte.»
Han som sit på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han sa: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.» Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tørste å drikka av kjelda med livsens vatn som gåve.
Johannes' openberring 21,1–6
Evangelietekst
Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. Også Jesus og læresveinane hans var bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»
No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. «Fyll kara med vatn», sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen og sa: «Alle andre set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.»
Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og læresveinane hans trudde på han.
Johannes 2,1–11
