Tru og håp i kvardagsliv - Kveldsgudsteneste ved Heidi Strand Harboe og Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 19.04.2026
Evangelietekst
Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene. Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar.
Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake. Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»
Johannes 10,11–18
Lesetekst 1
Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil sjølv leita etter sauene mine og ta meg av dei. Liksom ein gjetar tek seg av sauene sine og er med dei den dagen dei blir spreidde, så vil eg ta meg av sauene mine og berga dei heim frå alle stadene dei kom til då dei vart spreidde, på den mørke og skytunge dagen. Eg vil føra dei ut frå folka, samla dei frå landa og føra dei inn i deira eige land. Så skal eg gjeta dei på fjella i Israel, i dalane og kvar dei enn bur i landet. På gode beitemarker skal eg gjeta dei, dei skal ha engene sine på dei høge fjella i Israel. Der skal dei kvila i frodige enger. Dei skal gå på saftige beite på fjella i Israel. Eg vil gjeta sauene mine og la dei kvila, seier Herren Gud. Eg vil leita opp dei bortkomne, føra tilbake dei bortdrivne, binda om dei skadde, styrkja dei sjuke, vakta dei feite og sterke og gjeta dei på rett vis.
Esekiel 34,11–16
Lesetekst 2
Om de toler straff når de har gjort noko gale, er det noko å skryta av? Men om de toler lidingar når de gjer det rette, då er det godt i Guds auge. Det var dette de vart kalla til.
For Kristus leid for dykk
og gav dykk eit førebilete,
så de skulle følgja i hans fotspor.
Han gjorde inga synd,
og det fanst ikkje svik i hans munn.
Han svara ikkje med hån når han vart hånt,
han truga ikkje når han leid,
men overlét si sak til han som dømmer rettferdig.
På sin eigen kropp bar han
syndene våre opp på treet,
så vi skulle døy bort frå syndene
og leva for rettferda,
og ved hans sår vart de lækte.
De var som sauer som hadde gått seg vill,
men no har de vendt om til han
som er hyrding og tilsynsmann for sjelene dykkar.
1. Peter 2,20–25
