Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida - 05.07.2026
Lesetekst 1:
Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg! Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Du skal bli til velsigning.
Eg vil velsigna dei som velsignar deg,
men den som forbannar deg, skal eg forbanna.
I deg skal alle slekter på jorda velsignast.»
Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt han, og Lot drog med han. Abram var 75 år gammal då han braut opp frå Harran.
1. Mosebok 12,1–4
Lesetekst 2:
Paulus, Kristi Jesu tenar, helsar dykk, eg som er kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, det som Gud på førehand hadde lova gjennom profetane sine i heilage skrifter. Det er evangeliet om hans Son, Jesus Kristus, vår Herre, komen som Davids ætt i kjøtet og erklært ved heilagdoms Ande som Guds Son med makt ved oppstoda frå dei døde. Ved han har eg fått nåde og apostelteneste for å føra menneske av alle folkeslag til lydnad i tru, til ære for hans namn. Mellom dei er òg de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til. Eg helsar dykk alle i Roma, de som er elska av Gud, de som vart kalla og er heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Romarane 1,1–7
Evangelietekst:
Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaretsjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde stige ut av dei og heldt på å skylja garna. Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og underviste folket frå båten.
Då han hadde tala ferdig, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og set garna, så de kan få fisk.» «Meister», svara Simon, «vi har streva i heile natt og ikkje fått noko. Men på ditt ord vil eg setja garna.» Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at garna heldt på å rivna. Dei gav teikn til arbeidslaget i den andre båten at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk. Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.» For både han og alle som var med han, vart fulle av otte og undring over fiskefangsten dei hadde fått. Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske.» Så rodde dei båtane i land, gjekk frå alt og følgde han.
Lukas 5,1–11
