NettKyrkja/Taler (lyd)/Å skifta sinn - Preike på 10. søndag i treeiningstida - 02.08.2026

Å skifta sinn - Preike på 10. søndag i treeiningstida - 02.08.2026

Lars Sigurd Fjelde Tjelle

Lesetekst 1

Av David. Ein læresalme.

Sæl er den som får sine brot tilgjevne
og sine synder tildekte!

Sælt er det mennesket
som Herren ikkje tilreknar skuld,
som i si ånd er utan svik.

Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bort
medan eg stønna heile dagen.

For dag og natt
låg di hand tungt på meg.
Mi livssaft svann
som i heten om sommaren. Sela

Då sanna eg mi synd for deg,
og mi skuld dekte eg ikkje over.
eg sa: «Eg vil sanna
mine brot for Herren.»
Og du tok bort mi syndeskuld. Sela

Difor skal alle trugne
be til deg i tider med trengsle.
Om det kjem ein veldig flaum,
skal vatnet ikkje nå dei.

Du skjermar meg,
du vernar meg mot naud,
med frelsejubel omgjev du meg. Sela

Eg vil gjera deg vis og læra deg
den vegen du skal gå,
eg vil la mitt auge kvila på deg
og gje deg råd.

Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit!
Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med,
elles kjem dei ikkje til deg.

Den urettferdige har mange plager,
men den som set si lit til Herren,
kransar han med miskunn.

Gled dykk i Herren og jubla, de rettferdige!
Bryt ut i fagnadrop, alle de ærlege av hjartet!

Salmane 32,1–11

 

Lesetekst 2

Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samstemde, vis medkjensle og syskenkjærleik, ver miskunnsame og audmjuke. Løn ikkje vondt med vondt eller hån med hån. Nei, velsign heller, for de er kalla til å arva velsigning.

Den som vil elska livet
og sjå gode dagar,
må halda tunga frå det som er vondt,
og leppene borte frå svikefull tale.

Han må venda seg bort frå det vonde
og gjera det gode,
søkja fred og jaga etter fred.

For Herrens auge følgjer dei rettferdige,
og hans øyre høyrer deira bøn.
Men Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde.

Og kven kan gjera dykk vondt når de brenn for det gode?

1. Peter 3,8–13

 

Evangelietekst

Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi. Han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då stod han opp, gjekk frå alt og følgde Jesus.

Levi heldt eit stort gjestebod for han heime hos seg. Og ein heil flokk tollarar og andre var til bords saman med dei. Farisearane og dei skriftlærde blant dei murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?» Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»

Lukas 5,27–32

Powered by Cornerstone