NettKyrkja/Taler (lyd)/Ver ikkje urolege - Preike på 12. søndag i treeiningstida - 16.08.2026

Ver ikkje urolege - Preike på 12. søndag i treeiningstida - 16.08.2026

Lars Sigurd Fjelde Tjelle

Lesetekst 1
Men i di store miskunn
forlét du dei ikkje i ørkenen.
Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen,
men førte dei på vegen;
og eldsøyla veik ikkje frå dei om natta,
men lyste opp vegen dei skulle gå.

Du gav dei din gode Ande
for at dei skulle få visdom.
Du nekta dei ikkje manna til mat
og gav dei vatn mot tørsten.

Du sørgde for dei i førti år,
i ørkenen mangla dei ikkje noko.
Kleda deira vart ikkje utslitne,
og føtene hovna ikkje opp.

Nehemja 9,19–21

Lesetekst 2
Lat ikkje kjærleik til pengar styra livet, men ver fornøgde med det de har. For Gud har sagt: Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg. 6 Difor kan vi vera ved godt mot og seia: Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd.
Kva kan menneske gjera meg?

Hebrearane 13,5–6

Evangelietekst
Ingen slave kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta [og kva de skal drikka], eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’ For alt dette er folkeslaga opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. Søk først [Guds] rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.
Matteus 6,24–34

Powered by Cornerstone