NettKyrkja/Taler (lyd)/Å løna vondt med godt - Preike på 15. søndag i treeiningstida - 06-09-2026

Å løna vondt med godt - Preike på 15. søndag i treeiningstida - 06-09-2026

Trond Inge Tappel

Lesetekst 1

Kva skal eg koma fram for Herren med
når eg bøyer meg for Gud i det høge?
Skal eg koma til han med brennoffer,
med årsgamle kalvar?
Bryr Herren seg om tusenvis av vêrar,
titusenvis av oljebekker?
Skal eg ofra min førstefødde for mitt brot,
mi livsfrukt for mi sjels synd?
Han har kunngjort for deg, menneske,
kva godt er.
Og kva krev Herren av deg?
Berre at du gjer rett,
viser trufast kjærleik
og vandrar audmjukt med din Gud.

Mika 6,6–8

Lesetekst 2

Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastelege på Kristi dag, fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud.

Filipparane 1,9–11

Evangelietekst

De har høyrt det er sagt: ‘Auge for auge og tann for tann.’ Men eg seier dykk: Set dykk ikkje til motverje mot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til. Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg. Tvingar nokon deg til å følgja han éi mil, så gå to med han. Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg.

Elsk fiendane dykkar

De har høyrt det er sagt: ‘Du skal elska nesten din og hata fienden din.’ Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, og be for dei som forfølgjer dykk. Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode og lèt det regna over rettferdige og urettferdige. Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same? Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje folkeslaga det same? Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.

Matteus 5,38–48

Powered by Cornerstone