Preike på Hausttakkefest - 27-09-2026
Lesetekst 1
Herre, kor mange dine gjerningar er!
Og alle har du gjort med visdom,
jorda er full av det du ber fram.
Her er havet, stort og vidt,
med ein vrimmel av dyr, små og store, utan tal.
Der stemner skipa fram,
der er Leviatan, som du har skapt til å leika med.
Alle ventar på deg,
at du skal gje dei mat i rett tid.
Du gjev, og dei sankar,
du opnar handa, og dei blir metta med det gode.
Salme 104, 24-28
Lesetekst 2
Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær. Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.
Brevet til Filipparane 4, 4-7
Evangelietekst
Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?
Matteus 6, 26
