Preike på 19. søndag i treeiningstida - 04-10-2026
Lesetekst 1
Herre, til himmelen når di miskunn,
til skyene rekk din truskap.
Di rettferd er som mektige fjell,
som det store havdjup er dine dommar.
Herre, du bergar både menneske og dyr.
Kor verdfull din kjærleik er, Gud!
I skuggen av dine venger søkjer menneskeborna ly.
Dei får nyta overfloda i ditt hus,
du lèt dei drikka av gledebekken din.
For hos deg er livsens kjelde,
i ditt lys ser vi lys.
Lat di miskunn vara for dei som kjenner deg,
di rettferd for dei ærlege av hjartet.
Salmane 36,6–11
Lesetekst 2
Eg seier dykk: Lev eit liv i Anden! Då følgjer de ikkje lystene i kjøtet. For det kjøtet vil, står Anden imot, og det Anden vil, står kjøtet imot. Dei to ligg i strid med kvarandre, så de ikkje kan gjera det de vil. Men blir de drivne av Anden, då er de ikkje under lova. Det er klårt kva slag gjerningar som kjem frå kjøtet: hor, umoral, usømd, avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, sjalusi, sinne, sjølvhevding, usemje, splittingar, misunning, fyll, festing og meir av det slaget. Eg har sagt det før og seier det på nytt: Dei som driv med slikt, skal ikkje arva Guds rike. Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot! Dei som høyrer Kristus [Jesus] til, har krossfest kjøtet med lidenskapane og dei vonde lystene. Lever vi ved Anden, så lat oss òg vandra i Anden. Lat oss ikkje vera drivne av æresjuke så vi utfordrar og misunner kvarandre.
Galatarane 5,16–26
Evangelietekst
Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda til dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket.
De har høyrt det er sagt til forfedrane: ‘Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal vera skuldig for domstolen.’ Men eg seier dykk: Den som blir sint på bror sin eller syster si ⸆, skal vera skuldig for domstolen, og den som seier til ein bror eller ei syster: ‘Din tosk!’ skal vera skuldig for Det høge rådet, og den som seier: ‘Din gudlause narr!’ er skuldig til helvetes eld.
Når du går fram til altaret med offergåva di, og du der kjem i hug at bror din eller syster di har noko imot deg, så lat gåva di liggja framfor altaret og gå først og forlik deg med bror din eller syster di. Så kan du koma og bera fram offeret ditt! Ver snar til å forlika deg med motparten din medan du enno er med han på vegen. Elles stemner han deg for dommaren, og dommaren gjev deg over til vaktmannen, og du blir kasta i fengsel. Sanneleg, eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.
Matteus 5,20–26
