Kva meiner vi med at Bibelen er Guds ord? - Foredrag frå Bibelkveld i Bryne kyrkje - 13.10.2026 v/ Knut Alfsvåg
Knut Alfsvåg: Kva meiner vi med at Bibelen er Guds ord?
Bibelen er ei heilag bok for alle kristne. Det kjem mellom anna til uttrykk ved at nesten alle kristne, når dei møtest til gudsteneste, les og legg ut tekstar frå Bibelen. Slik har det òg alltid vore. Kva er grunnen til denne samrøysta oppslutninga om Bibelen? Samstundes veit me at det både internt i ulike kyrkjer, og mellom ulike kyrkjesamfunn, er usemje om korleis me skal lesa og tolka Bibelen. Kvifor er det slik? Kva tyder dette for omsetjinga av Bibelen? Korleis kan me lesa og bruka Bibelen på ein måte som opnar innhaldet og slepper oss inn i trua sitt fellesskap?
