Preike på Bots og bønnedag - 25-10-2026 - v/Trond Inge Tappel
Evangelietekst
Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste.Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»
Lukas 13,22–30
Lesetekst 1
Dette ordet kom til Jeremia frå Herren: «Stå opp og gå ned til pottemakarens hus! Der skal eg la deg få høyra mine ord.» Så gjekk eg ned til pottemakarens hus. Han stod og arbeidde ved dreieskiva. Når det karet han heldt på å laga av leire, vart mislukka i pottemakarens hand, laga han det om til eit anna kar, slik han tykte det var rett.
Då kom Herrens ord til meg: Israels hus, kan ikkje eg gjera med dykk slik denne pottemakaren gjer med leira? seier Herren. Sjå, som leira i pottemakarens hand, slik er de i mi hand, Israels hus. Stundom trugar eg eit folkeslag eller eit rike med å rykkja opp og riva ned og øydeleggja. Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, angrar eg på det vonde eg hadde tenkt å gjera mot det. Stundom lovar eg eit folkeslag eller eit rike at eg vil byggja og planta. Men gjer dei då det som vondt er i mine auge, og ikkje høyrer på mi røyst, angrar eg på det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.
Jeremia 18,1–10
Lesetekst 2
Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom? Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom. Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente. Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar. Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde først og så grekar. For Gud gjer ikkje forskjell på folk.
Romarane 2,1–11
