NettKyrkja/Taler (lyd)/Preike på Helgemessesøndag - 01-11-2026

Preike på Helgemessesøndag - 01-11-2026

Trond Inge Tappel

Lesetekst 1

Så seier Herren: I nådens tid svarar eg deg, på dagen for frelsa hjelper eg deg.
Eg har forma deg og gjort deg til ei pakt for folket for å reisa landet opp att
og skifta ut eigedomar som ligg aude,
for å seia til fangar: «Gå ut!» og til dei som er i mørkret: «Kom fram!»
Dei skal beita langs vegane og finna beite på alle snaue høgder.
Dei skal ikkje svelta og ikkje tørsta, hete og sol skal ikkje råka dei.
For han som viser miskunn, skal føra dei og leia dei til kjelder med vatn.

Jesaja 49,8–10

 

Lesetekst 2

Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledde i kvite klede, med palmegreiner i hendene. Og dei ropa med høg røyst: Sigeren kjem frå vår Gud, han som sit på trona, og frå Lammet.
Alle englane stod rundt trona og dei eldste og dei fire skapningane. Dei kasta seg ned framfor trona med andletet mot jorda og tilbad Gud og sa: Amen.
All velsigning og pris og visdom, takk og ære, makt og velde høyrer vår Gud til i all æve. Amen.
Då tok ein av dei eldste til orde og spurde meg: «Desse som er kledde i kvite klede, kven er dei, og kvar kjem dei frå?» «Herre», svara eg, «du veit det.» Då sa han til meg:
«Dette er dei som kjem ut av den store trengsla og har vaska kappene sine og gjort dei kvite i blodet frå Lammet.
Difor står dei for Guds trone og tener han dag og natt i hans tempel. Og han som sit på trona, skal reisa sin bustad over dei.
Dei skal ikkje lenger svelta eller tørsta, og sola skal ikkje falla på dei eller brennande hete.
For Lammet, som står midt på trona, skal vera gjetaren deira og føra dei til kjelder med livsens vatn, og Gud skal tørka kvar tåre frå auga deira.»

Johannes' openberring 7,9–17

 

Evangelietekst

Då Jesus såg folkemengda, gjekk han opp i fjellet. Han sette seg, og læresveinane samla seg om han. Då tok han til orde og lærte dei:
«Sæle dei som er fattige i ånda, himmelriket er deira.
Sæle dei som sørgjer, dei skal bli trøysta.
Sæle dei audmjuke, dei skal arva jorda.
Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta.
Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn.
Sæle dei reine i hjartet, dei skal sjå Gud.
Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born.
Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld, himmelriket er deira.

Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, [lyg] og talar vondt om dykk på alle vis. Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.

Matteus 5,1–12

Powered by Cornerstone