NettKyrkja/Taler (lyd)/Ikkje enklare liv, men liv med nåde og meining - Preike på Dei Forfulgtes Søndag - 08-11-2026

Ikkje enklare liv, men liv med nåde og meining - Preike på Dei Forfulgtes Søndag - 08-11-2026

Trond Inge Tappel

Lesetekst 1
Ein song til festreisene.
Då Herren vende Sions lagnad, var det som ein draum for oss.
Då fyltest vår munn med lått, vår tunge med jubel.
Då sa dei mellom folka: «Stort er det som Herren har gjort mot dei.»
Ja, stort er det som Herren gjorde mot oss, og vi vart glade.
Herre, vend vår lagnad som bekkene i Negev!
Dei som sår med tårer, skal hausta med jubel.
Gråtande går dei ut og ber sitt såkorn, med jubel kjem dei tilbake og ber sine kornband.
Salmane 126,1–6

Lesetekst 2
Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. Og alltid, i alle mine bøner, bed eg for dykk alle med glede. For heilt frå første dagen og fram til no har de hatt del med meg i evangeliet. Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag. Filipparane 1,2–6

Evangelietekst
Det er Anden som gjer levande, kjøtet kan ingen ting gjera. Dei orda eg har tala til dykk, er ånd og liv. Men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå første stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. Og han la til: «Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det blir gjeve han av min Far.»

Etter dette drog mange av læresveinane hans seg unna og gjekk ikkje omkring med han lenger. Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.»
Johannes 6,63–69

Powered by Cornerstone