NettKyrkja/Taler (lyd)/Ansikt til ansikt - Preike på Kristi forklåringsdag - 23.02.2025

Ansikt til ansikt - Preike på Kristi forklåringsdag - 23.02.2025

Stein Ødegård

Lesetekst 1:

Herren sa til Moses: «Skriv ned desse orda, for etter desse orda gjer eg ei pakt med deg og Israel.» Moses var hos Herren i førti dagar og førti netter, og han smaka korkje mat eller drikke. Og han skreiv paktorda, dei ti boda, på tavlene. Så gjekk Moses ned frå Sinai-fjellet; han hadde vitnemålet, dei to tavlene, i hendene då han gjekk ned frå fjellet. Moses visste ikkje at det stråla av andletet hans fordi Herren hadde tala med han. Aron og israelittane såg at det stråla av andletet hans, og dei var redde for å koma nær han. Men Moses ropa på dei, og då kom Aron og alle leiarane i forsamlinga til han, og han tala til dei. Sidan kom alle israelittane til han, og Moses bar fram alle dei boda Herren hadde gjeve han på Sinai-fjellet. Då Moses var ferdig med å tala med dei, la han eit slør over andletet sitt. Men kvar gong han gjekk fram for Herrens andlet for å tala med han, tok han sløret bort til han skulle ut att. Og når han kom ut, tala han til israelittane om det som var sagt han føre. Då såg israelittane korleis det stråla av andletet hans, og Moses la sløret over andletet att til han skulle inn og tala med Herren.

2. Mosebok 34,27–35

 

Lesetekst 2:

Når vi no har slikt eit håp, går vi frimodig fram. Vi gjer ikkje som Moses, som la eit slør over andletet så israelittane ikkje skulle sjå den minkande glansen før han var borte. Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sløret der når dei les frå den gamle pakta, og det blir ikkje fjerna, for det er i Kristus det blir teke bort. Ja, heilt til denne dag ligg det eit slør over hjartet deira når det blir lese frå Moselova. Men når dei vender om til Herren, blir sløret teke bort. Herren, det er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. Men vi som utan slør over andletet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omdanna til dette biletet, frå herlegdom til herlegdom, og dette skjer ved Herrens Ande.

2. Korintar 3,12–18

 

Evangelietekst:

Om lag åtte dagar etter at han hadde sagt dette, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet for å be. Og medan han bad, vart andletet hans som omskapt, og kleda vart skinande kvite. Med eitt stod to menn og snakka med han; det var Moses og Elia. Dei synte seg i herlegdom og tala om den utgangen livet hans skulle få, om det han skulle fullføra i Jerusalem. Peter og dei andre hadde falle i djup søvn. No vakna dei og fekk sjå herlegdomen hans og dei to mennene som stod der saman med han. Då mennene skulle skiljast med han, sa Peter til Jesus: «Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia» – han visste ikkje sjølv kva han sa. Og medan han tala, kom det ei sky og la skugge over dei, og då dei kom inn i skya, vart dei gripne av redsle. Frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!» Og då røysta lydde, var det ingen annan å sjå, berre Jesus. Læresveinane tagde med dette, og dei fortalde i dei dagane ikkje til nokon det dei hadde sett.

Lukas 9,28–36

Powered by Cornerstone