Velkommen til babysong i Brynekyrkja
Tilbod for babyar frå 0-1 år.
Kva er babysong?
Babysong er ei songstund der me samlast i ring på golvet i kyrkja. Songstunda varer ca. 30 min, og den inneheld blant anna namnesong, kristne songar, rim og regler og dans. Me varierer mellom å sitja og liggja på golvet og å stå og dansa i ring. Etter samlinga blir det servert kaffi og ein enkel lunsj.
Kvifor babysong?
Små barn opplever sterkt gjennom sansing. Musikk er ein unik måte å kommunisere med det vesle barnet på! Gjennom rytme og klang i ord og tonar opplever barn og vaksne eit eige samspel. Dette skal vere eit ”frirom” der babyen i lag med mor eller far får lytte til musikk, vere med på enkle øvingar og høyre og syngje gode songar.
Når er det babysong?
Me har babysong onsdagar i partals veker i Bryne kyrkje og på Lye forsamlingshus, og onsdagar i oddetals veker i Undheim kyrkje. Kl. 10.30 – 12.00. De vel sjølve kvar de vil melde dykk på. Me har ca. 6 - 8 samlingar kvart semester alle stader.
Første samling denne våren er onsdag 24. januar kl. 10.30-12.00.
Heile invitasjonen kan du lese her
Vår gruppe er medlem i Søndagsskulen kor me tildeles offentleg støtte basert på antall betalande medlemmer. Slik bidrar kontigenten til at me har materiell og ressursar til adventsklubben. Du melder inn ditt barn ved å følge linken over, velg region og gruppe og betal kontigenten. Meldemskapet gjeld ut kalenderåret, og har ingen anna praktisk betydning enn at du sparer 150 kr.