
Kveldsgudstenesteserie i Brynekyrkja våren 2023
Korleis snakkar vi sant om livet?
Om tru? Om Gud? Om det som skjer i verda? Kven og kva kan vi stola på?
Ikkje alle ønskjer, eller får til, å snakka sant. Veggene i ekkokammera vert for tjukke. Konspirasjonar får breia seg. I krig og kulturkonfliktar er sanninga første tapar. Informasjonstilgangen er så stor at det er lett å velja smale perspektiv framfor vidsyn, det falske framfor det ekte. Livet kan møta oss med så djup personleg smerte at tru og gudsbilde kjem i hard klemme.
Våren sin kveldsgudsteneste har sannferdig tru som tema. Ærleg språk om livet og tru og Gud. Fleire av kveldane går på media si rolle i å få fram det som er sant. Alle prøver å gje noko frå Bibelen som ærleg tru kan byggja på.
Slik er programmet:
Sundag 29. januar
Media som motstemme mot det usanne
Astrid Dalehaug Norheim, journalist og redaktør
Musikk: Gitar og orgel v/ Bjor Bohne og Per Olav Egeland
Sundag 5. mars
Gud i lidelsen - når gudsbildet brest
Kjell Aanensen
Musikk: Kammerkoret Con Brio
Sundag 19. mars
Sant og usunt om tru på nettet
Anne Solfrid Brennhovd i Damaris Norge
Musikk: Lovsangsteam i UngFokus
Sundag 23. april
Sann tru når livet brest
Vidar Mæland Bakke i Bymenigheten
Gospelkoret Abraham
Sundag 21. mai
Truverdige Jesusvitne
Inge Takle Mæstad i Kirkens Bymisjon
Musikk: Jarle Obrestad
Velkommen til kveldsgudstenester med føredrag, god musikk, nattverd og bønevandring