Munnspelkonsert med Sigmund Groven

Munnspelkonsert med Sigmund Groven

Munnspelkonsert med Sigmund Groven

Trykk her for å bestilla billett

Det er også mogleg å kjøpa billett på kyrkjekontoret: Måndag til fredag 09:00 - 14:00

Sundag 5.mai blir det internasjonal munnspelkonsert i Bryne kyrkje, med fire munnspelarar pluss pianist! 

Alle munnspelarane spelar på Polle Concert Harmonica, laga på Bryne av Georg Pollestad, og det er celebre solistar som kjem på besøk: japanske Shima Kobayashi, vår eigen Sigmund Groven, unge Alexander Borlaug, og bestefar hans, sjølvaste munnspelmakeren, Georg Pollestad Dei får tonefylgje av den engelske pianisten og komponisten Andrew Melvin, som er gift med Shima Kobayashi. 

I 1993 blei ho kåra til verdsmeister på munnspel ved ein stor festival i Yokohama, og deretter studerte ho vidare med legendariske Tommy Reilly i England, som og brukte Polle-spel dei siste åra av sin karriere.

Sigmund Groven treng vel ikkje nærare presentasjon, han har samarbeidd med Pollestad i over 40 år, og har hatt mange konsertar på Bryne og Klepp gjennom åra. Alexander Borlaug er blant dei fremste munnspelarane av den yngre generasjonen.

Programmet vil innehalde mange kjende og kjære tonar.

Vel møtt til ein eineståande konsert!

Powered by Cornerstone