Kveldsgudsteneste: Sanning og forsoning

Kveldsgudsteneste: Sanning og forsoning

Sundag 12.mai kl.19 rundar serien av med temaet: Utfordringar frå Sannings- og forsoningskommisjonen. Me får eit innblikk i rapporten som Sannings- og forsoningskommisjonen la fram for Stortinget 1.juni 2023. Rapporten utfordrar heile sivilsamfunnet til å mobilisera for eit forsona samfunn med likeverd.

Sanning og forsoning har vore tema for Brynekyrkja sin serie av kveldsgudstenester våren 2024. I kyrkja er det grunnverdi å snakka sant og gjera opp, som grunnlag for forsoning.

Denne kvelden i kyrkja er det våre eigne i kveldsgudstenestekomiteen som underviser og utfordrar. Lars Tore Helgeland og Kirsten Jæger Fjetland. Om kyrkja si rolle i fornorskingspolitikk og urett mot samar, kvenar/norskfinnar og skogfinnar – eit oppgjer. Korleis kan me bruka rapporten til å reflektere kritisk over kyrkja si rolle i møte med ulike grupper som opplever manglande anerkjenning og inkludering i kyrkje og samfunn?

Musikken denne finalekvelden er det Ingvar og Anna Maria Lygren som står for.

Velkommen til ein kveld som opplyser, utfordrar og gjev rom og tid for refleksjon og stille tid med vandring til bønnestasjonar og nattverd.

Powered by Cornerstone